onsdag 8. juni 2016

Dei må berre slutte å snakke dansk

 Lasse hadde ei veke fri då vi kom hit. Vi skulle flytte inn, lage "vår heim". Etter litt mild overtaling, fekk eg overbevist han om at det var ein god idè å male eine stua mørkeblågrågrønn. Han er ein over middels estetisk anlagt type, med sterke meininger om kva han liker og kva han ikkje liker. Vegger skal helst vere kvite, og eg er i det heile tatt usikker på om det nokonsinne har falt han inn at det fins andre muligheter. Eg berre: Det vil gje skikkelig liv til all kunsten din! Det der bildet, for eksempel, det vil endre heilt karakter (til det bedre, såklart!!) om det heng på ein mørk vegg framfor på ein kvit! Det gjer ingenting at veggane er mørke når golvet er lyst og det er så høgt under taket! Alt anna er kvitt! Kvitt er farlig! Ein får migrene av kvite veggar! Eg har både lest det, pluss at eg har migrene sjølv - på grunn av alle desse lyse veggane! Au, hodet mitt.

Han berre: - Om du er overbevist om at det blir bra, går vi for det. Det var nesten skuffande, eg hadde jo heilt sjukt mange andre argument på lager. Men det blei bra. Og det blei vår stue. Når eg på toppen av alt fekk fargesortere alle bøkene, var mitt liv komplett.

Så brukte vi kveldane og nettene på å sjå Making a Murderer, som alle andre i den vestlige verden gjorde i januar. Og så var vi sammen. I samme by, i samme land. Ingen av oss skulle heim til ein annan stad når helga eller veka eller månaden var over. Det var så deilig.

Etter ei veke starta Lasse på jobb igjen. Det var over ei veke til eg skulle begynne i min nye arbeidsplass. Rydda klea mine på plass i skapet. Tok alle ting utav kjøkkenskapa, pakka opp mine, gjorde det eg kunne for å få plass til både mitt og hans. Våre ting i vårt kjøkken. Han visste ikkje kor noko var då han kom heim.

Gjekk ut i januar-København, kjøpte fleire malingsruller, handla grønnsaker til middag. Tok feil då eg kom ut, gjekk til høgre i staden for til venstre. Kjente meg brått ikkje igjen og visste ikkje hvilken retning som peika heim. Måtte bruke GPS for å få meg på rett kjøl. Ingen andre enn eg sjølv visste at eg var fullstendig retningsblind, men det kjentes ydmykande å bruke kompass for å vite kor eg budde. Kjente ingen, alle snakka for høgt, det var kaldt, vinden kom frå alle kanter, eg fekk ikkje augekontakt med nokon, dei sa: - Hvad? i kassa når eg snakka til dei, tok meg sjølv i å tenke: - Kan dei ikkje berre slutte å snakke dansk?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar