onsdag 8. juni 2016

Hei Danmark


I januar oppretta eg denne bloggen. Her skulle eg skrive om mitt nye, forvirrande, skumle, deilige liv i byen, landet der min store kjærleik bur, no også eg. Men bloggen har vore tom og stille.

I januar var hovudet mitt var fullt av tanker og ideer om korleis bloggen skulle vere. Den skulle vere litt for meg, men mest for dei eg har flytta frå, dei som bur i andre byar, dei som høyrer til med meg, sjølv om vi er på forskjellige stader. Den skulle vere ein stad der eg skulle tømme hjertet mitt for at andre skulle få vite korleis eg hadde det, men også for at eg sjølv skulle sjå det - for det har ofte vore slik at eg først veit best kva eg tenker på etter å ha skrive det ned. Som om hjernen først er sikker når den kan lese det ein stad og kjenner: - Åja, det er jo sånn det er.

No er det juni, og det er på tide eg finn ut korleis eg har det. Det er ikkje særlig tipp-topp akkurat no, egentlig. Det visste eg allerede før eg begynte, og det er også derfor eg var nødt til å skrive i dag. Før hodet mitt eksploderer.

Det er ekstremt enkelt for ein nordmann å bytte land i Norden. Det er berre å stikke over ei av grensene og sei: - Hei, no bur eg her, så har ein omtrent alle rettigheter og trygdestønader som i landet ein kom frå. Ingen spurte kva eg hadde av verdiar, om eg hadde smykker å levere ifrå meg eller gull dei kunne ta i bytte mot kva enn eg kunne komme til å kreve av dei. Om årsakene til at eg kom, eller om eg kunne språket. Den einaste årsaka skulle eg gjerne ha ropt ut til alle på kontoret: - Fordi e n d e l i g! kan eg vere på samme stad som kjæresten min heile tida, og det skal vere slik for alltid!

Det einaste dei spurte meg om, var kor eg budde, og om dei kunne sjå leigekontrakten min. Forvirra svarte eg at eg ikkje hadde noko kontrakt, ettersom eg bur hos kjæresten min, og han er både inneforstått med, og veldig glad for, at eg ville komme. Fekk vennlig beskjed om at han likevel måtte signere eit papir der det stod at han husa meg heilt frivillig og med åpne auge, og at eg skulle komme tilbake med dette dagen etter.

Gjorde som eg fekk beskjed om, og stilte meg i kø igjen neste dag. Saman med alle dei andre, som på ingen måte kom frå Norge, og som fekk heilt andre, og mange fleire spørsmål enn meg.

Då eg endelig kom fremst i køen, fekk eg berre "Ja til alt" og gratulasjoner. For eg var visst velkommen til Danmark.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar